Då djevelen sat i bassen og trommene
Eit skråblikk av å vera kristen musikar på 70- og 80-talet.
«Fantastisk, jeg ser Jesus i alle sammen» Foto: Istockphoto
«Fantastisk, jeg ser Jesus i a
...
«Fantastisk, jeg ser Jesus i alle sammen» Foto: Istockphoto
Leserbrev
Del

Då eg vaks opp i Treungen, ei bygd i Telemark, var mykje synd og skam. Hardingfela vart av mange sett på som djevelen sjølv.

Dusingfela eller flatfela vart meir godkjend og i kristelege samanhangar. Eit paradoks! Far min, som var ein djupt religiøs kar, spilte på båe instrument, men ofte i smug. Eg minnes ein predikant frå Telemark, Johannes Bakken, la flatfela under kjaken på bedehuset å spela å song «Langt inn på ville heia». Ein song om den bortkomne sauen, sjølv om me gutungar heldt oss frå å le avdi kjeften var allstødt så brun av skråtobakk.

Vel, det var 50- og 60-talet. På byrjinga av 70 talet starta med ei kristen rockegruppe me kalla for «Octav». Fem heilomvende gutar med stor entusiasme. Me fekk øve på Betel misjonsmenighet i Gjerpen. Der var det tåleg høgt under taket. Mange var skeptiske til dette «bråket». Men på eit fullstappa misjonsmøte med sjølvaste Annie Skau Berntsen, misjonær frå Hong kong, fekk me nådigst høve til å spille dersom me ikkje spela for høgt og progressivt.. Etter møte vart Berntsen spurd om kva ho syntes om denne bråkete musikken. Ho svara: «Fantastisk, jeg ser Jesus i alle sammen». Dette gav oss eit frimodig push, minnes eg.

Eg var korleiar for eit ungdomskor i ein menighet i Skien. I byrjinga av 80-talet vart eg skild frå kona mi. Ei forferdeleg tid, på alle måtar. Ein kveld kom pastoren til meg og sa at no måtte eg trekkja meg attende. Eg fekk ikkje lov å leie koret lenger. Endå eit slag i trynet. Etter ei tid ringer Aril Edvardsen frå Sarons dal og spør om eg kunne tenkje meg å vera bassist for ein svensk songar.

Då måtte eg berre sei som sant var at eg var skild og ikkje lenger kunne musisera eller delta i kristne samanhangar. Men gode Aril Edvardsen redda meg frå avgrunnen og sa: «det er no du har bruk for det kristne felleskapet, og vi har bruk for deg. Velkommen i Jesu navn, sa han.

På slutten av 70-talet starta me ei kristen jazz- og fusiongruppe kalt «Prosjekt», for det var det det var. Me hadde konsertar rundt heile Noreg.

Etterkvart vart me spurd om å spille i ein pinsemenighet. Det sa me ja til. Midt under fyrste songen, vart lyden skrudd av og lydmannen skjønte ingenting.

Men sanninga var at han fekk beskjed om å pakke isaman og aldri koma att her, som han sa.

Ein annan konsert på forespurdnad var ein menighet på Sørlandet. Under konserten reiste det seg ein eldre kar og sa at «Satan er her i kveld». Me fekk ikkje koma att.

Eg foreslo for solisten om å synge i protest «Å salige stund» utan trommer, men me var danna gutar må vite.

På eit pinsemøte i Filadelfia Drammen sat vår trommis heilt bak på scenen. Det var vel omlag ein meter ned. Som trommeslagarar flest er det vel eit visst nivå av ADHD. Dei sit sjeldan stille. Midt under ettermøte med Åge Åleskjær, ramlar vår trommis bakover og tek med seg skarpen og hihaten i fallet med eit brak. Då snur Åleskjær seg og bryt ut med: «Og ånden falt på trommeslageren» til alles latter.

Ein anan gong spelte me på eit såkalla teltmøtearrangement ein stad i Noreg.

Medan me var godt i gang med fyrste songen, kjem ei eldre dame inn i teltet trillande på ein sykkel. Eg la merkje til at ho låste sykkelen inntil ein av stolpane i teltet å sette seg. Etterkvart som jazztonane breide seg i teltet, fekk ho brått panikk. Ho hadde også låst sykkelen. Men i panikken fekk den ikkje opp. I rein frustrasjon berre gjekk ho. Ein time seinare stod politiet i teltopninga og bad oss dempe musikken.

Som hjelpeorganist og bassist gjennom mange år, har eg mange gode anekdoter. Men det får vel vera.

djevelen,bedehuset,instrument,misjons,rock,musikk,ungdomskor,jazz