Antiisraelske haldningar er forkledd antisemittisme
Kvifor er ikkje journalistar i stand til å gjera naudsynte undersøkingar om grunnlaget for det dei formidlar?
VIL HJELPE LIBANESERE: Israels forsvarsminister Benny Gantz. Foto: AP Photo/Tal Shahar, Yediot Ahronot, Pool
VIL HJELPE LIBANESERE: Israels
...
VIL HJELPE LIBANESERE: Israels forsvarsminister Benny Gantz. Foto: AP Photo/Tal Shahar, Yediot Ahronot, Pool
Leserbrev
Del

I KS for 3. juli 2020 har Daniel Asprusten eit innlegg der han hevdar at pinsebevegelsen har eit usunt syn på Israel, og han argumenterer for sitt syn ut frå dette. Diverre ser det ut til at stadig fleire, også kristne, trur at dei støttar det arabiske folket som no kallar seg palestinarar ved å ta del i propagandaen frå korrupte og undertrykkjande islamske leiarar. Årsaka er truleg manglande kunnskapar. Det mest aktuelle no er det som feilaktig vert kalla Israel si annektering av ein del av det som staten Jordan i si okkupasjonstid 1948 – 1967 kalla Vestbreidda. Dette er ikkje annektering, men ei normalisering i samsvar med folkeretten.

I 1994 inngjekk Jordan fredsavtale med Israel og aksepterte då at Israel hadde kontrollen over Judea og Samaria (Vestbreidda) i samsvar med folkeretten. Etter dette har mykje hendt. No står det om Israel si moglegheit til å overleva som ein fri og demokratisk jødisk stat på lengre sikt. Det er viktig no med ein opplyst og sakleg debatt om dette mellom kristne!

Jødane si nærare 2000-årige flyktningsoge i Europa etter at romarane dreiv dei ut frå landet sitt i år 70 og i år 135 er interessant og til tider vond og dramatisk. Heile tida har det vore periodar der jødane har fått leva roleg og tilført omgjevnadene kulturelle og økonomiske verdiar.

Likevel har antisemittismen gong på gong dukka fram. Denne er som ein giftgass som lammar vurderingsevna. Mistankar vert kasta fram, og så skal jødane straffast for det dei med urett er skulda for. Nedslakting og bortdriving har vorte resultatet. Det har vore anslått at om jødane med utgangspunkt i folketalet på Jesu tid hadde hatt ei tilsvarande folketalsutvikling som andre folk, ville dei ha vore 250 – 300 millionar i dag. I staden er dei no i overkant av 15 millionar på verdsbasis.

Antisemittiske haldningar i vårt land no er dokumentert av det norske Holocaust-senteret, og er stadfesta av kulehol på den jødiske synagogen i Oslo og trongen for vakthald rundt denne. Auken i valdelege åtak på jødar og jødiske interesser i Europa og andre stader er urovekkande. Det islamske jødehatet ser ut til å vera sterkt medverkande til dette.

Den «vantruande» staten Israel i eit område som i mange hundre år var styrt frå ulike islamske statar, er utåleleg for islamistar. Å utsletta Israel er ei religiøs plikt for desse, og PLO/Fatah og Hamas sine charter viser at dette er deira føremål og eksistensgrunnlag.

I Israel er dei kjende med at det i 1967 var påverknadsagentar frå den dåverande Sovjetunionen som provoserte fram 6-dagarskrigen. Og då denne var tapt, overtalde dei arabarane i området til å endra strategi. No skulle dei teia om hatet mot den vantruande jødestaten, og framstilla seg som eit folk som hadde eigedomsretten til landet. Dei skulle slutta å kalla seg arabarar, og tok nemninga palestinarar. Då jødane i 1948 tok namnet Israel på staten sin, gjorde dei namnet Palestina ledig, fram til då var det i hovudsak jødane som hadde kalla seg palestinarar.

Denne strategien har vorte ein suksess i manipuleringa av den internasjonale opinionen. Ut frå islamsk løgnpropaganda med dette som grunnlag trur stadig fleire i den vestlege verda at Israel driv «ulovleg okkupasjon» og undertrykking av «palestinarane» i området.

Ei blokk av 57 muslimske land har gjennom mange år drive masseproduksjon av fordømingsresolusjonar mot Israel i FNs hovudforsamling. Noreg har gjerne røysta blankt eller røysta for. Etter kvart har så NRK som det dominerande mediet i Noreg lagt seg på denne linja med politisk styrt formidling av nyheiter. Det vert stadig terpa på uttrykk som «Israels ulovlege okkupasjon» og «ulovlege busetjingar». TV2 og dei fleste avisene har lagt seg på same linja. Det vert ofte understreka at ein tek avstand frå antisemittisme, men samstundes godtek ein løgnene mot Israel ukritisk.

Kvifor er ikkje journalistar i stand til å gjera naudsynte undersøkingar om grunnlaget for det dei formidlar? Og kva med norske biskopar, professorar og Midtausten-forskarar? Den einaste staten i Midtausten med demokratiske rettar og menneskerettar for alle, og den einaste jødiske staten i verda, får negativ og usakleg kritikk heile tida. Samstundes vert terroren som Israel heile tida må verja seg mot, kvitvaska eller pynta på.

Kan dette kallast noko anna enn antisemittisme?

antisemittisme-kampanje,antisemittisme,journalistar,jødane,daniel asprusten,holocaust,holocaust-senteret,fn,seksdagerskrigen,løgnpropaganda,muslimsk propaganda,Midtausten,sovjet,jødestaten,vantruande