Så klart vi skal nytte Israel-flagget
Innlegget frå Daniel Asprusten i Korsets Seier 3. juli var underleg lesnad.
Foto: Istockphoto
Foto: Istockphoto
Leserbrev
Del

Daniel Asprusten serverer ei breiside med anti-israelske påstandar som munnar ut i eit ønskje om at pinserørsla må vurdere «å finne et annet flagg å henge opp i stedet for det hvite og blå.» Kva for flagg som skal i fokus og gje inspirasjon i kristent arbeid, nemner han ikkje. Me får vone at det ikkje er flagget frå nokon av dei antisemittiske statane eller islamistiske terrororganisasjonane som omringar Israel i dag.

Tvert om, når ein har gleda av å vera til stades på pinsemøte lokalt eller på større samlingar nasjonalt, er det synlege israelske flagget ein strålande markør i det åndelege perspektivet som bind saman fortid, notid og framtid.

Asprusten har møtt folk og media som har Israel i vrangstrupen. Han er særleg opprørt over ei komande «annektering». Men å «annektere» betyr å rane land som tilhøyrer ein annan stat. Det er ikkje tilfelle her. I den større fredsplanen skal Israel handheve suverenitet over landområde som dei de facto har hatt tilsyn med i mange år.

Det er ikkje tale om, slik Asprusten grovt hevdar, at 2.5 millionar palestinarar skal innlemast i ein stat utan å få røysterett. Overslag (The Times og Israel) varierer frå nokre promille opp mot 4 – 5 prosent. Dei får same status som arabarar i Aust-Jerusalem. Med sine ID-kort gjev det tilgang til reiser reiser i heile Israel og rundt i Midtausten. Av dei som søkjer er det stadig fleire som får innvilga israelsk statsborgarskap. Alle kan røyste ved lokalval i Jerusalem.

Israel og frie val til Knesset er garanti for folkestyre. Enkelte kritiske røyster skal sjølvsagt lyttast til, men i eit demokrati kan smågrupper ikkje overstyre Knesset eller eit Storting. Dagens israelske regjering med statsrådar frå Likud, Blått & Kvitt og Arbeiderpartiet går inn for å oppfylle den politikken som palestina-arabarane skreiv under på i Oslo-avtalen 1994, og som også den legendariske Yitzhak Rabin gjekk inn for.

Interessant å sjå ein frittståande utanlandsk reportasje som viser at langt dei fleste arabarar (i dei avgrensa områda i Judea, Samaria og mot Jordandalen) heller vil inn under israelsk myndigheit enn under palestina-arabisk styre. PA og Abbas fortel sjølvsagt noko anna. Men han lyg som kjent gratis.

Det unike med Israel er: Ingen annan stad på jord har det nokon gong hendt at eit folkeslag etter to tusen år kjem heim att til sine fedrenejord, til det same geografiske området, med den same religionen, den same kulturen, med det same språket, og med det same landsnamnet!

Slike fakta, og med Bibelen som vegvisar, gjer at pinserørsla er på trygg grunn. Det er ei framifrå gjerning å ville inkludere jødefolket i alt virke og strev, og difor også naturleg å støtte deira hardt tilkomne mål, staten Israel, som har vore ein klar suksess sidan gjenopprettinga i 1948.

paywall
israel,israelvenn,davidsstjerne,jøde,sionist,hallgrim berg,osloavtalen,rabin,knesset