Tal sant om Israel!
Det må vera krevjande for unge i dag å vera israelsvener. Den negative og usanne omtalen av den israelske staten som dominerer norske media, er øydeleggjande.
VIL HJELPE LIBANESERE: Israels forsvarsminister Benny Gantz. Foto: AP Photo/Tal Shahar, Yediot Ahronot, Pool
VIL HJELPE LIBANESERE: Israels
...
VIL HJELPE LIBANESERE: Israels forsvarsminister Benny Gantz. Foto: AP Photo/Tal Shahar, Yediot Ahronot, Pool
Leserbrev
Del

Det er gledeleg at mange yngre pinsevenner tek opp arven og vil tala sant om Israel. Alle som les og trur på Bibelen veit at israelsfolket og landet deira har vore sentrale i Guds frelsesplan ved Jesus. Og Bibelen seier tydeleg at dei også skal ha ei viktig rolle i ei tid som enno ligg framfor oss.

Det må vera krevjande for unge i dag å vera israelsvener. Den negative og usanne omtalen av den israelske staten som dominerer norske media, er øydeleggjande. Joseph Goebbels, den nazistiske propagandaministeren, uttala ein gong han snakka sant, at «om du tek ei løgn opp att gong etter gong, vil folk tru den til slutt».

Fleirtalet av norske media, med NRK i spissen, terpar stadig på «Israels ulovlege okkupasjon» og «Israels brot på folkeretten». Det har vorte «politisk korrekt» i landet vårt å spreia ein islamistisk løgnpropaganda som er ein del av kampen for å øydeleggja den «vantruande jødestaten». Kvifor er så Noreg eit av dei verste landa i Europa på dette? Undersøkingar har fleire gonger vist at om berre journalistar og andre mediefolk hadde røysterett, ville Stortinget vore nesten heilt raudt. Marxistleninist, pressemann og professor i journalistikk ved UIO, Sigurd Allern, kan vera noko av forklaringa på dette.

Folkeretten for Israel vart fastlagt av stormaktene etter første verdskrigen då det tyrkiske storriket i Midtausten var gått i oppløysing. Grensene for ei rekkje arabarstatar og for ein nasjonalheim for jødane vart i 1920 fastlagde på konferansane i Paris og San Remo. Det heile vart stadfesta av Folkeforbundet i 1922 og seinare vidareført i FN-pakta. Det skulle mellom anna leggjast til rette for tett busetnad av jødar i deira gamle kjerneområde Judea og Samaria. Dette området var i 1948–1967 ulovleg okkupert av den då unge staten Jordan, som annekterte området og kalla det «Vestbreidda.»

Etter det sviande arabiske tapet i utslettingskrigen mot Israel i 1967, som påverknadsagentar frå den dåverande Sovjetunionen hadde vore med på å trigga fram, var dei same kreftene med på å utforma ny strategi for arabarane i området. Før 1948 var det i hovudsak jødane i området som vart kalla palestinarar. No skulle arabarane kalla seg palestinarar, og framstilla seg som det opprinnelege folket.

At arabarstatane saman med andre muslimske land har gjort FNs Hovudforsamling til sin kamp-arena og driv masseproduksjon av fordømingsresolusjonar mot Israel, endrar ikkje folkeretten.

Dei som hevdar at folkeretten ikkje lenger gjeld for Israel, undergrev også Noreg sin Svalbardtraktat. Denne vart til i 1920 og 1922 av dei same aktørane. Kan det då vera fritt fram for Putin å berre overta Svalbard og Bjørnøya m.m.?

Det er i ei tid som denne viktig for kristne å skaffa seg historisk kunnskap om dette. God litteratur er tilgjengeleg. Eg vil anbefala bøkene «Israels land etter internasjonal lov» av Bjørn Hildrum, og «Palestina – Israels historiske og folkerettslige legitimitet» av Ragnar Hatlem. Begge er solide kapasitetar på det dei skriv om.

Organisasjonen Med Israel for fred er også eit godt korrektiv til NRK og andre media.

israel,gaza,israelvenn,israelvenner,joseph goebbels,okkupasjon,palestiner,araber,jødestaten,propaganda,med israel for fred,miff